Dom slår fast at innleigde har rett på same bonusordning som fast tilsette
To tilsette i eit bemanningsbyrå kravde same bonus som dei fast tilsette og vann fram i tingretten.
JOBB
Stavanger tingrett slår fast at bonus er løn og dermed omfatta av lova om likebehandling av innleigde arbeidstakarar, opplyser forbundet Industri Energi.
På vegner av to medlemmer gjekk Industri Energi til sak mot bemanningsbyrået Semco Maritime og NHO med krav om etterbetaling av bonus – noko dei fekk medhald i.
• Her er endringene i arbeidsmiljøloven som skal gjøre innleie vanskeligere
Mindre attraktivt med innleige
Industri Energi meiner dommen sikrar at tilsettingsform ikkje skal ha betydning for avløning. I tillegg meiner forbundet at dommen vil få stor betydning for framtidig innleige i selskap med bonusprogram for fast tilsette.
– Det gjer at det vil vere mindre attraktivt for bedriftene å bruke innleigd arbeidskraft, noko som støttar lova si intensjon om at faste tilsettingar skal vere hovudregelen, seier advokat Karianne Rettedal i Industri Energi i ei pressemelding.
• – Regjeringen har lidd smertelige tap i arbeidslivsspørsmål i vår. Det kom ikke av seg selv
Forskjell på bonusordningar?
Dei to medlemmene var utleigd frå bemanningsbyrået til Aker BP, som har ei bonusordning for sine tilsette. Då dei kravde den same bonusen som fast tilsette, avviste selskapet kravet, opplyser Industri Energi.
Striden gjekk til Stavanger tingrett, som skulle avgjere om bonusen er løn for arbeid eller ikkje.
Etter Industri Energi sitt syn fell bonusordninga inn under innleigde sin lovfesta rett til likebehandling av løns- og arbeidsvilkår (sjå faktaboks). Bemanningsbyrået og NHO sitt syn var at det er forskjell på individuelle bonusar og selskapsbonus, der førstnemnde blir gitt for arbeidsinnsats, medan sistnemnde er knytt til overskot i bedrifta.
Det er enno ikkje klart om dommen blir anka.
• På denne byggeplassen er 90 prosent av elektrikerne innleide fra bemanningsbyråer