Bølla og dei hjelpelause hjelparane

Ein arbeidsplass er meir enn folka som jobbar der, bygningen og oppgåvene. Ein arbeidsplass er også ei forteljing.

JOBB

Første arbeidsplassen min, då eg var nyutdanna psykolog, var ei sjukehusavdeling.

Slik var forteljinga der:

— Her nytter det ikkje å komme med gode idear. Dersom du seier noko til sjefen får du kjeft, for han er urettvis og hissig.

Møta var svært stille og formelle, og ingen tok opp vanskelege ting.

Det var også andre historier, om å gjere som ein ville, om ein låg lågt, og unngjekk konflikt med sjefen.

Kollegaene var varsame, det tok tid før dei stolte på nye.

Sjefen forsto nok ingenting. Ingen fortalde han forteljinga om arbeidsplassen. Han var fienden blant oss.

Som psykolog har eg lært dette: Kring ei bølle står folk som kjenner seg hjelpelause, og som dermed «hjelper» bølla. Fordi han aldri møter samla og tydeleg motstand, trur han at stilen hans er effektiv og grei.

Mange av mine pasientar kjem med stressrelaterte lidingar. Nokre kjem frå arbeidsplassar som ikkje er sunne. Der er ofte forteljinga:

— Her nyttar det ikkje å endre noko til det betre.

— Du veit ikkje kven du kan stole på. Det er ikkje trygt her.

— Sjefen er urettvis, og det er ingenting du kan gjere med det.

Dei har gitt opp. Det nyttar ikkje, kviskrar dei. Sjefen vil ikkje høyre.

Men utan hjelparane, alle som kjenner seg hjelpelause, har bølla ikkje makt.

Om ingen gjer som han seier, er han den makteslause. Han kan berre bølle om folk er unnvikande, om dei ikkje snakkar saman, ikkje står i mot.

Nokre bøller er faktisk ubrukelege sjefar, uansett kva ein gjer. Nokre kan beint fram vere psykopatar.

Då er det viktig at folk står saman, stoler på kvarandre og snakkar saman.

Me lever i vanskelege tider, mange er redde for å miste jobben, og då spreier det seg lett uro og mistru mellom kollegaer, og mellom tilsette og leiinga.

Nokre arbeidsplassar blir usunne no, med vonde forteljingar om kva som skjer og kjem til å komme.

Når hjelpeløysa breier seg er det viktig å stå saman, og bruke fagorganisasjonen sin.

For nokre er blitt bøller undervegs, og fleire kan bli det i urolege tider.

Ein gong var sjefen kanskje berre ivrig og tok styringa. Sidan har andre gitt han stadig meir makt, utan å gjere merksam på at han er blitt ubehageleg.

Vegen fram til at enkelte blir bøller, er gjort farbar av folk som ikkje konfronterte, og ikkje sette grenser. Dei hjelpelause hjelparane.

Er sjefen ubrukeleg, må det gjerast synleg.

Men enkelte bøller er uvitande om korleis folk opplever dei. Då trengs venleg, men fast og rettvis motstand, på heilt konkrete saker.

Til slutt tok eg opp ei vanskeleg sak på møte, på sjukehusavdelinga.

Sjefen heva stemma. Eg reiste meg og sa at slik fann eg meg ikkje i å bli snakka til. Det berre datt ut av meg.

Han vart flau. Men eg hugsar også at han såg letta ut.

Sjefen er kanskje den einaste som ikkje har høyrd forteljinga om arbeidsplassen. Og du og dine kollegaer er dei einaste som kan lage ei ny forteljing om dykk.

Powered by Labrador CMS