Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Skal du handla byggjevarer på Reknes, er truleg Pushild den første medarbeidaren du treff.
Masfjorden: På teppet ved inngangen til butikken på Reknes tronar den udiskutable dronninga på byggjevaren: Pushild.
Lett henslengt, sjølvtilfreds og med ei klar forventing om mat og merksemd frå passerande, som kattar flest.
Ho er ein liten katt, men ein stor personlegdom. Både tilsette og kundar på Reknes Byggjevarer er vane med og glade i Pushild.
– Det er så triveleg. Når vi kjem på arbeid om morgonen, er alltid katten her for å ønskja oss velkomne, klar for påfyll i matskåla og ein klapp.
Det seier Øyvind Lilletvedt.
Reknes Byggjevarer ligg inst i ein liten arm av Masfjorden og leverer både materiell og byggjetenester i Nordhordland.
Kring 20 menneske og ein katt arbeider i verksemda.
– Pushild er vår mest stabile arbeidstakar. Ho er ein draum for arbeidsgjevarar. Aldri sjuk, tek ikkje ferie og likar ikkje helg. Det einaste er at ho er eit skikkeleg matvrak, som kattar flest.
Det seier kontordama på byggjevaren, Ann Karin Sletten. Sletten legg ikkje skjul på at ho rett som det er stikk nokre godbitar til pusen.
Så Pushild får mat og kos kvar einaste vekedag og på laurdagar. Søndagar er butikken stengd, så då tek ho gjerne turen opp til huset til Ansgar Molland, som var den opphavlege matfaren hennar.
– For om lag ti år sidan drog eg på ferie, og då byrja Pushild å henga her nede på lageret. I løpet av sommaren melde ho flytting, og sidan har ho vore bedriftskatt her nede, seier Molland.
I tillegg til det psykososiale plusset ho er, er Pushild òg til nytte. Ho held byggjevaren fri for mus og tek òg fugl om det skulle slumsa til. Så musefeller er ikkje lenger naudsynte.
Dyreentusiastar hevdar at det er mange fordelar ved å ha eit dyr på arbeidsplassen.
Når du klappar ein katt, stig nivået av «kosehormonet» oksytocin, medan stressnivået i kroppen fell. Pulsen søkk, og du blir roleg og glad. Om du elskar kattar, då. Ja, det kan vera rein terapi.
– Å ha selskap av Pushild er berre koseleg. Faste kundar plar alltid å sjå etter henne. Så ho er eit pluss på alle vis, seier Øyvind Lilletvedt.
– Kva gjer de når Pushild har levd alle sine ni liv? Blir det ein ny bedriftskatt her då?
– Det har vi ikkje tenkt på. Den tid, den sorg, seier Lilletvedt og Molland.