Frå fiskevær til turistmål

– Eg har jobba på alle vasshola på øya

I det gamle loshuset på Fedje er det ikkje noko snikksnakk. Helge Stokholm sørgjer for ekte, god samtale og ramsalte historier.

Helge Stokholm står bak baren på Losen bar og bistro på Fedje.
Losbustaden på Fedje er ein stad for ekte samtalar, ikkje berre overflateprat. Her snur ikkje folk ryggen til den som vil ha kontakt, og Fedje-los Helge er eit oppkome av gode historier.
Publisert
Skjeggete mann bærer tallerkener gjennom et travelt restaurantkjøkken på Fedje.
Fedje er ein øykommune lengst nordvest i Nordhordland. Bedrifta Fedje Island driv både med overnatting og servering på øya. Helge Stokholm kallar seg potet, men hovudjobben er å servere mat og drikke på Losen bar og bistro.

FEDJE: Øya ligg så langt ute i havgapet at det berre er 6.000 åretak over til Shetland, skal vi tru skiltet ved kaia på Fedje.

Bak tappekrana inne på det gamle loshuset styrer Helge Stokholm på. Ein kan lett sjå han føre seg som styrmann på eit vikingskip i vesterveg. Sjølv kallar han seg potet.

– Ein travel potet.

Skrur vi klokka nokre tiår tilbake, var Fedje eit fiskerisamfunn. Det er det lite att av. I staden for sild er det turistar i husa no. I den gamle hermetikkfabrikken til Bjelland er det no utleigeleilegheiter. Og Hellisøy fyr lyser framleis opp leia slik det har gjort i 150 år, men er no automatisert.

Og i losbustaden er det turistane som har teke over, med bar, restaurant og rom.

Poteta og fagorganiserte Helge Stokholm tek imot gjestane som om dei var heimkomne vener. Altmoglegmannen har eitt viktig særdrag: Han likar folk. Han likar nye folk, lokale folk, vener og kjende. Stokholm er sjølv fødd og oppvaksen på Fedje, ein ekte feiing, eller slogstril som han sjølv kallar det.

– Eg byrja i reiselivet her ute då eg var 18, og har vel jobba på alle vasshola på øya. Så her har eg både brukt og tent pengar.

Feriedestinasjon og eige destilleri

Fedje har ikkje lenger kvalfangst og tranfabrikk, men kjøkenet på loshuset byr på ein mør og mild kvalbiff. Stokholm er heller ikkje i tvil om at ein god panna cotta til dessert er det gjestane treng, sjølv om det er tysdag.

Sesongen er på hell. Sommaren har vore nokså roleg, truleg fordi mange potensielle turistar sjekkar Yr før dei dreg.

Men Fedje er i ferd med å bli ein heilårsdestinasjon, mellom anna som stad for konferansar og verksemder på lagbygging med fisking og frisbeegolf.

Om ein tykkjer det er eksotisk å vitje den forblåste og ofte regnfulle øya i solskin i juli, prøv storm i november.

Staden har òg fått sitt eige destilleri, Feddie Ocean Distillery, som produserer whisky, akevitt og gin. Nokre produkt er heilt spesielle, som rognebærginen og juleakevitten med smak av fiken og dadlar.

I baren til Helge Stokholm er det ikkje berre den lokale spriten som sikrar god stemning.

Nærbilde av Feddie Single Malt Whisky-flaske med hvit etikett og teksten «Powered by women».
Feddie Destillery lagar whisky, akevitt, vodka og gin. Powered by women står det på etikettane, av di det kun er kvinner på eigarsida, og kun kvinner som får investere i selskapet.

– Eg kjenner alle, og har ein spøkefull måte å vere på, ein frisk stil. Å ha det gøy på jobben er viktig, og eg kjenner jo alt og alle her ute. Så om du er småfrekk i kjeften, kjem det i retur. Heilt A4 kan ein jo ikkje vere, smiler han bak den svært fyldige barten.

Losbustaden på Fedje er ein stad for ekte samtalar, ikkje berre overflateprat. Her snur ikkje folk ryggen til den som vil ha kontakt, og Fedje-los Helge er eit oppkome av gode historier. Er du gjest og byr litt på deg sjølv, får du noko tilbake. Men somme tider må til og med Helge Stokholm seie at no er det nok.

– Av og til må eg bli streng. Det er ein del av jobben.

Grønn skiltstolpe på Fedje med pekere mot Fedje Island, Shetland og lokale reisemål.
Rett utanfor Losen bar og bistro står det eit skilt som syner avstandane både internt på øya, og til dømes til Shetland – kring 6000 åretak.
Powered by Labrador CMS