Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Norgesmodellen, nasjonale seriøsitetskrav for offentlege innkjøp:
Mykje ligg an til at Norge etter stortingsvalet får ei ny regjering og eit nytt politisk fleirtal på venstresida i norsk politikk. Då kan det komme nye nasjonale krav for offentlege innkjøp, som skal stoppe sosial dumping i arbeidslivet.
Og dei kan kome på plass raskt. Torsdag la nemleg Arbeidarpartiet fram ei punktliste over kva dei vil gjennomføre i løpet av dei 100 første dagane i regjering. Eit punkt er nettopp å utvikle ein såkalla Norgesmodell med nasjonale seriøsitetskrav for offentlege innkjøp.
Også SV og Raudt vil ha ein sånn modell. (Sjå kva partia har forplikta seg til, nederst i saka.)
Då vil også fagforeiningane i byggebransjen ha ei hand på rattet. Derfor går byggforeiningane til Fellesforbundet i Oslo, Bergen, Telemark og Agder ut med ei rekke krav, lansert i avisa Klassekampen måndag. Blant krava til bygg- og anleggskontraktane er:
• 80 prosent fagarbeidarar, og lærlingar skal utføre minst 10 prosent av byggearbeidet.
• Faste tilsettingar, full stilling, lønn- og arbeidsvilkår som i den landsomfattande tariffavtala og fortrinn for bedrifter med tariffavtale.
• Ikkje meir enn éin underleverandør som hovudregel, og strengare krav til arbeidsvilkår for innleigde.
Målet med krava er å motarbeide svart arbeid, sosial dumping, arbeidslivskriminalitet og utstrekt bruk av innleige.
Les også: Støre åpner for forbud mot innleie i byggebransjen i Oslo-regionen. Her er Aps 100-dagersplan
Dei fire fagforeiningane har lang erfaring med å jobbe fram seriøsitetsmodellar i kommunar og fylke, som Telemarksmodellen og Oslomodellen.
– Dette har vi jobba med i mange år, og vi har alltid hatt eit ønske om sterke nasjonale bestemmingar som skal gjelde for alle. Då er det naturleg at vi ønsker å ha ein finger med i spelet og vere premissleverandørar for denne nye nasjonale modellen, seier Jorge Dahl i Unionen Fagforening i Bergen.
– Derfor kjem vi på bana med konkrete krav. Når Støre vil ha Norgesmodell, må vi fortelje han kva den kan innehalde og kva verktøy vi treng, seier Joachim Espe i Oslo Bygningsarbeiderforening.
Nestleiar Steinar Krogstad i Fellesforbundet møtte foreiningane torsdag for å diskutere arbeidet med ein ny modell, noko fagforeiningsleiarane er glade for.
– Vi er einige om at vi skal ha ein modell som stiller dei beste krava for seriøsitet. Det er krav om lærlingar, fagarbeidarar og vaksenopplæring for ufaglærte. Vi må også få inn ein klar fordel med å ha tariffavtale, seier Krogstad.
Han forsikrar at Fellesforbundet kjem til å følge arbeidet med Norgesmodellen tett, som eit av forbundet sine prioriterte krav med ei ny regjering.
Det same lovar leiarane i fagforeiningane.