Framtida for offentleg transport?

Her kjem bussen når passasjerane vil

I Solund kan passasjerane tinge buss, så han kjem til avtalt tid. Dei får ikkje berre transport og hjelp med bagasjen, dei får òg ein god prat.

Rød Skyss-buss på en smal, svingete vei gjennom et steinete fjellandskap i Solund.
Ytst i Sognefjorden ligg øykommunen Solund.
Publisert

Saka oppsummert

  • I Solund i Sogn og Fjordane kan innbyggjarane bestille buss som kjem til avtalt tid.

  • Bestillingsbussen hjelper folk som ikkje køyrer bil med transport, handling og pakkar.

  • Sjåfør Helge Viggo Engdal har køyrt rute i heimkommunen i 27 år og meiner tilbodet også gir trivsel.

  • Passasjer Venche Ferøy brukar tilbodet ofte og meiner det er svært nyttig.

  • Ein tur-retur-billett kostar 60 kroner.

SOLUND: – Eg likar å kalle han ein samfunnsbuss eller ein trivselsbuss.

Det seier bussjåfør Helge Viggo Engdal.

Me står på kaia i Krakhella i Solund, ytst i vêrharde Sognefjorden. Herfrå skal han køyre rutebuss med passasjerar som stig av hurtigbåten frå Bergen, og dagfersk bakst som skal leverast til nærbutikken på kommunesenteret.

Bestillingsbuss

Bussjåfør hjelper en eldre kvinne med en trillevogn ved en åpen Skyss-buss i Solund.
Ein av dei faste tingarane er Venche Færøy. Her får ho hjelp av bussjåfør Øystein Lien.

Tidlegare på dagen har han vore på bestillingskøyring, ein slags buss som fungerer som drosje og som innbyggjarane nyt godt av. Bestillingsbussen er ekstra praktisk for folk som ikkje køyrer bil, og han har òg ein trivselseffekt.

– Me køyrer folk, pakkar til private og bedrifter og medisinar til sjukeheimen, eigentleg det meste. Men me slår òg av ein prat og kan hjelpe til med å stable varer og pakkar inn i bussen. Å hjelpe kvarandre er alfa og omega om ein skal klare seg her ute, seier Engdal.

Han har vore bussjåfør i heimkommunen i 27 år, og har «verdas beste kontorutsikt» over det vakre, men karrige landskapet. På smale vegar helsar han på kvar einaste møtande bil. Engdal har vore med på mange endringar i både busstilbod og arbeidsvilkår. Særleg éi av dei er av det positive slaget.

– Kvar torsdag kan folk tinge skyss med bussen. Me hentar og bringar, slik at dei til dømes kjem seg på handletur eller til dagsenteret på eldresenteret, forklarer Engdal.

– Heilt ypparleg

For å tinge bussen nyttar ein Skyss-appen, eller ein ringjer. Ein god del av passasjerane er av den eldre garde og likar telefon best.

Mellom dei er Venche Ferøy. Ho bur på Færøyna og tek fyrst skyssbåt over til hovudøya Sula. Frå ferjekaia der tek ho bestillingsbuss til Hardbakke, kommunesenteret. Der handlar ho, hentar pakkar og tek seg ein kaffi og ein god drøs med kjentfolk. Det er små forhold, så kjentfolk er det mange av.

Skyss-buss med sjåfør som flytter pappesker til en tralle.
Sjåfør Helge Viggo Engdal ordnar med fersk bakst frå fastlandet.

– Eg er ein flittig brukar av det tilbodet. Det er heilt ypparleg, seier Ferøy.

Ho kan ikkje rose sjåførane nok. Dei er rett og slett fantastiske, tykkjer ho. Og utan bussen ville det kjapt blitt nokre tusenlappar i drosjeutgifter kvar månad. Servicebilletten kostar 60 kroner tur-retur.

Sjåfør Helge Viggo Engdal stadfestar at kjærleiken er tosidig. På ein liten plass som Solund blir ein glad i passasjerane.

– Det er den store fordelen med å jobbe på ein slik plass. Det hender me får både blomar og sjokolade av folk som er glade for jobben me gjer.

Powered by Labrador CMS