Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Tariff
Ta sjansen og prøv, er oppfordringa frå bartender Ingeborg (26) til andre som vil ha tariffavtale på jobben.
Trondheim: Initiativtakar Ingeborg Fegth og kollegaane kunne sleppe jubelen laus i januar.
Da hadde utestaden Lokal Bar teikna tariffavtale med Fellesforbundet, ei felles avtale om betre lønns- og arbeidsvilkår.
– Eg er spent på lønna no, for eg trur det blir fire–fem tusen kroner i forskjell. Kanskje kan eg sleppe å ta så mange vakter på den andre staden eg jobbar, fortel 26-åringen når Magasinet stikk innom i Dronningens gate.
Fegth fekk draumejobben som bartender på Lokal Bar hausten 2021. Her er det cocktailbar og ølbar med scene – i tillegg til ein nattklubb med elektronisk musikk og dansegolv med plass til over 400 gjestar.
– Det var den beste staden eg kunne ha fått jobb. Her er det fritt, og ein kan vere seg sjølv. Vi er ein veldig fin gjeng som har ein «no asshole policy», seier ho og ler.
Det einaste som mangla var tariffavtale.
– Det er typisk at sånne kule og uavhengige plassar ikkje har tariff, forklarer Fegth.
Sjølv hadde ho stort sett jobba på stadar med tariffavtale, og på sjølvaste 1. mai (arbeidaranes dag) i fjor tok ho initiativet overfor kollegaane. Med politisk bakgrunn på venstresida, hadde ho lært at tariff er bra.
Nye tall: Dette er lønna i over 350 yrker
Dermed starta jobben med å organisere kollegaane og forklare kva ei tariffavtale er. Berre to tilsette var medlemmar, mot ti i dag. Stort sett alle er studentar i tjueåra.
– Kva er nytt for dokker med tariffavtale?
– Tryggleiken, også for dei som kjem etter oss. No veit vi at vi har masse folk i ryggen, svarer Fegth og viser til dei 160.000 medlemmane i Fellesforbundet og ein million medlemmane i LO.
Nytt er også tillegga til timelønna for ansiennitet og arbeid kveld, natt og helg. Tilsette skal dessutan få vaktlista tidlegare, noko som gir meir føreseielegheit. Elles var mange av reglane allereie på plass.
– Eg fann ingenting negativt med tariffavtale, og nesten alle tilsette var positive. Nokre syntest det var dyrt med medlemskapen. Da var det å vise til at det er billigare for studentar, og at du får ei rekke forsikringar.
Mye delt: Når får du ny lønn i år? Dette er de viktigste datoene
Det kan jo vere litt skummelt å stille krav til arbeidsgivaren.
Fegth har derimot ikkje autoritetsskrekk, og på Lokal Bar gjekk tariffkravet gjennom utan konflikt. Til andre har ho rådet:
– Ikkje ver redd for å prøve!
Espresso House: De ansatte savnet en tariffavtale. Nå har Rehana (20) fått til noe ingen har klart