Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Lønnsoppgjeret 2020
Flyarbeidarar får null i generelt lønnstillegg, men minstelønna aukar.
Meir enn tre timar på overtid i den tvungne meklinga natt til laurdag, kom Fellesforbundet og NHO Luftfart fram til ei løysing i tariffoppgjeret for blant anna stuarar og flyteknikarar.
Dermed blir det ingen streik blant flyarbeidarar på lufthamnene Bergen, Trondheim, Tromsø, Bodø og Kristiansand i første omgang.
Resultatet er null i generelt lønnstillegg, mens minstelønna aukar med 5,9 prosent frå 1. april 2020. Andre satsar for ulike tillegg aukar også med 5,9 prosent.
Avslørt: Wizz Air-lønna – slik er pilotens kontrakt
Elles er ein del av løysinga at bedriftene ikkje kan forskjellsbehandle tilsette når det gjeld forskotering av sjukepengar, som i frontfaget.
– Vi har forsvart Flyovereinskomsten i ein svært vanskeleg situasjon for heile bransjen, seier forhandlingsleiar Trygve Skogseide på nettsidene til Fellesforbundet.
Løysinga kom som eit forslag frå Riksmeklaren som arbeidsgivarane aksepterte og Fellesforbundet anbefaler medlemmene å stemme ja til.
Uravstemminga skal vere avslutta 19. november.