Nytt om folk

Kjell-Arve Aspaas er ny leiar for Midtnorsk Transportarbeiderforening

Lagerarbeidaren vil få liv i fagforeininga etter to år med pandemi.

COOP: Kjell-Arve Aspaas blir frikjøpt hundre prosent frå jobben som lagerarbeidar hos Coop i Trondheim.
COOP: Kjell-Arve Aspaas blir frikjøpt hundre prosent frå jobben som lagerarbeidar hos Coop i Trondheim.
Publisert Sist oppdatert

JOBB

Namn: Kjell-Arve Aspaas

Aktuell med: Ny leiar i Midtnorsk Transportarbeiderforening, Fellesforbundet avdeling 16

Alder: 52

På årsmøtet i slutten av mars vart lagerarbeidaren valt som ny leiar etter taxisjåfør Roald Arentz, og i midten av april var Kjell-Arve Aspaas i gang som fagforeiningsleiar for fullt. For første gong er leiaren i Midtnorsk Transportarbeiderforening hundre prosent frikjøpt.

– No er ansvaret plassert der det høyrer heime, meiner Aspaas.

Opp og gå etter korona

Fellesforbundet-avdelinga har 2.200 medlemmar og 1.600 yrkesaktive i Trøndelag, Brønnøy og Surnadal.

Hovudprioriteten framover er å få avdelinga opp og gå etter to år med koronapandemi, fortel Aspaas. Fagforeininga skal igjen halde fysiske konferansar og møte. Medlemspleie og rekruttering er også noko Aspaas brenn for.

Han har lang erfaring som tillitsvald sidan tidleg 90-tal – først på lageret til Ica Trondheim, og så i Coop da Ica vart kjøpt opp i 2015. No kjem han frå vervet som nestleiar i klubben, og har den siste tida jobba mot nedbemanningsplanar på Coop-lageret.

Arveleg belasta

Ei ny oppgåve som fagforeiningsleiar, er at han no er arbeidsgivar for fire tilsette i avdelinga.

– Det er litt rart å vere på den sida av bordet, innrømmer han.

Fagrørsla ligg til familien hans. Faren var tillitsvald som lastebilsjåfør, og har vore forretningsførar i Midtnorsk Transportarbeiderforening. Mora har vore tillitsvald i Handel og Kontor. Den eine broren er nestleiar i havnearbeidarforeininga i Fellesforbundet. Og lillebror har vore tillitsvald på jobben som billakkerar.

– Du kan seie at eg er arveleg belasta, ja, ler Kjell-Arve Aspaas.

Powered by Labrador CMS