Korona og lønnskompensasjon:

No skal Nav krevje dagpenge-forskotet tilbake frå ledige og permitterte

I andre halvdel av august begynner Nav å krevje tilbake forskot på dagpengar. Dei trekker frå dagpengane eller sender deg faktura.

Publisert Sist oppdatert

JOBB

Det skriv etaten på nettsidene sine.

Frå april til juni har Nav utbetalt til saman 3.840 millionar kroner i forskot på dagpengar til 180.000 personar som venta på behandling av dagpenge-søknaden sin.

Nav fekk kraftig kritikk då dei begynte å trekke forskot frå dagpengar samtidig som permitterte mangla ei utbetaling frå Nav på nesten ei heil månadslønn, den såkalla lønnskompensasjonen.

Fekk du med deg denne? Korona-lønn frå Nav: No kan du søke sjølv

Dei stansa derfor trekka og betalte tilbake.

Etter forseinkingar var lønnskompensasjonen for permitterte på plass i juni. Dermed skal Nav no krevje dagpenge-forskotet tilbake.

Slik krev dei pengane tilbake

Dersom du har fått utbetalt lønnskompensasjon og får dagpengar, blir 20 prosent av kvar dagpenge-utbetaling trekt frå til nedbetaling av forskotet.

Får du ikkje lenger dagpengar? Då kjem Nav til å sende deg ein faktura i andre halvdel av august. Deretter kan du velje om du vil betale tilbake heile beløpet eller dele opp i fleire betalingar. Det same gjeld dersom du har fått avslag på dagpenge-søknaden din.

Dersom du framleis ventar på behandlinga av dagpenge-søknaden din, kjem Nav til å trekke heile forskotet frå etterbetalinga av dagpengar.

Nav kjem ikkje til å trekke forskotet frå dagpengane dersom du ikkje har fått lønnskompensasjon.

Les også: Kantinetilsette fekk altfor lite i korona-lønn: – Eg trur ikkje alle sjekkar dette

Ein kan også betale tilbake forskot sjølv. Du finn beløpet på brukarsidene på nav.no og kan betale tilbake heile eller delar av beløpet.

Powered by Labrador CMS