Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Lønnskompensasjon frå Nav:
Etter godt over to månader, får permitterte endeleg utbetalt lønnskompensasjon frå Nav.
To dagar etter at lønnskompensasjonen frå Nav var på plass, vakna permitterte Torill Evensen (51) opp til ei månadslønn på kontoen.
– Dette var herleg, seier ho til Magasinet for fagorganiserte og pustar letta ut.
Les også: Korona-lønna frå Nav klar. Her er reglane
Evensen fekk ein sms frå Nav onsdag kveld. Torsdag morgon hadde ho fått pengane, nesten 26.000 kroner. Det er lenge sidan ho har hatt eit så stort beløp på kontoen.
– Det er herleg å vite at eg ikkje går tom for pengar, treng å vere svolten og redd for at straumen skal stengast av. Eg veit framleis ikkje om eg har ein jobb å gå til, men det kortsiktige problemet er løyst.
For å få lønnskompensasjonen, ei utbetaling på inntil 18 dagar full lønn frå Nav, må arbeidsgivar melde inn informasjon om permittering og lønna. Du skal bli varsla av Nav når dette er gjort. Innan tre arbeidsdagar skal pengane vere på konto.
– Eg håpar alle andre arbeidsgivarar er like kjappe som min. Bedriftene må få ut fingeren og prioritere dette her, alt anna må leggast til side, seier Evensen som er nattresepsjonist på Comfort-hotellet på Flesland i Bergen.
Nav seier nemleg at du må søke sjølv dersom arbeidsgivaren din ikkje melder inn informasjon. Korleis, er framleis uklart. På nettsidene sine skriv dei at dei «kommer tilbake med mer informasjon når denne er klar».
Magasinet har tidlegare skrive om at Evensen måtte hente mat hos Frelsesarmeen fordi ho i mars ikkje fekk ei krone frå Nav. Som mange lågtlønte hadde ho ikkje pengar på bok.
Etter at koronatiltaka førte til massepermittering, vedtok Stortinget 20. mars å sikre permitterte ein lønnskompensasjon. Samtidig reduserte dei dagane arbeidsgivar må betale full lønn frå 15 til to dagar.
Les også: Dette er Nav-ytingane du har krav på i dei fem forskjellige fasane som permittert
Det tok godt over to månader før ordninga var på plass. Til samanlikning var kompensasjonsordninga for bedrifter på plass etter eit par veker.
– Eg synest framleis politikarane burde teke meir omsyn til oss vanlege folk, samanlikna med bedriftene som berre kunne logge seg inn og få pengar dei kanskje ikkje har krav på ein gong, seier Evensen.
Tysdag kunne vi lese på Nav sine nettsider at dei ikkje trekker forskot på dagpengar frå lønnskompensasjonen. Evensen har likevel bestemt seg for at ho skal betale tilbake iallfall delar av forskotet med ein gong.
– Rekninga kjem jo ein eller annan gong.