Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Studielivet under koronaen
Ap og SV flaggar støtte til LO-kravet om nye korona-krisetiltak for studentar.
LO kom onsdag med krav om ei rekke krisetiltak for studentane som har mista jobben og store delar av inntekta under koronakrisa.
Det viktigaste kravet for hovudorganisasjonen, er at studentane skal få ein mellombels rett til dagpengar frå Nav, sånn dei ikkje har i dag.
Les saka: Studentar må få dagpengar, krev LO
– Blir dette verre, er det klart at vi må ta ei vurdering på om vi skal gjere noko ekstra for studentøkonomien, er svaret frå statssekretær Aase Marthe Horrigmo (H) i Kunnskapsdepartementet.
– Eg forstår godt at studentar som er permitterte eller har mista jobben har det vanskeleg, skreiv ho i ein epost til FriFagbevegelse onsdag.
Denne skaper debatt: Permitterte Nathalie får ikkje dagpengar. No blir ho heimlaus
SV meiner det ikkje er tid til meir vurdering.
– Regjeringa sine krisetiltak er heilt krise for studentane. Mens ministeren snakkar på repeat om å vurdere situasjonen, blir studentar ståande på bar bakke, utan tak over hovudet, skriv SV-stortingsrepresentant Solfrid Lerbrekk i ein epost til FriFagbevegelse, og held fram:
– Dette er ramme alvor. No må regjeringa ta ansvar og få på plass sosiale tiltak som gir folk noko å leve av. Dei som er over 30 år eller har barn har fått noko ekstra, men alle andre må leve av nokre få tusenlappar i månaden.
Lerbrekk viser til dei to nye tilleggslåna frå Lånekassa som gjeld dette studieåret: 100.000 kroner for dei som er 30 år eller eldre, og 50.000 for dei som har barn.
Tilbod om meir gjeld er ikkje bra nok, meiner Lerbrekk.
– SV vil foreslå at også permitterte med støtte frå Lånekassa må omfattast av koronaforskrifta om rett på dagpengar. Det handlar om noko så elementært som at alle skal ha råd til å leve og bu, og forhindre at folk blir kasta ut i fattigdom.
Krisetiltak i vår: Fellesforbundet rasar mot at studentane får meir gjeld
Også Arbeidarpartiet og Torstein Tvedt Solberg, utdanningspolitisk talsperson, sluttar seg til.
– Vi er heilt einige i LOs bekymring for studentane, skriv han i ein epost til FriFagbevegelse.
Regjeringa må sørge for økonomisk sikring for studentar som har mista inntekt, meiner Solberg, og snarast vurdere behovet for ny krisestøtte for våren 2021 saman med studentorganisasjonane.
– Vi må forhindre at studentar med inntektsbortfall blir tvungne til studieavbrot, meiner han.