Billig sprit og skatteletter

Ein skremmande mangel på kunnskap er årsaka til at vanlege fattigfolk «let seg lure» til å støtte Frp, meiner Henning Rutledal.

Publisert Sist oppdatert

JOBB

Ved siste stortingsval stemte 22,1 prosent av veljarane på Frp og det må seiast å være heilt uskjøneleg når ein veit at rein Frp-politikk ville gjort kvardagen uleveleg for 90 prosent av desse veljarane. Eg som vanleg arbeidstakar stemmer ikkje Frp fordi eg veit kva som står i partiprogrammet til dette vulgærpopulistiske partiet.

Eg veit mellom anna at det er like logisk at låglønte arbeidstakarar, arbeidslause, pensjonistar og andre trygda, langtidssjukemelde og bønder stemmer på Frp som det er at Rimi-Hagen og Eivind Reiten melder seg inn i LO. Professorane Per Arnt Pettersen og Lawrence E. Rose konstaterar i Norsk Statsvitenskapelig Tidsskrift at det er taparane som stemmer på dette mørkeblå partiet. Og det gjer dei, etter mi meining, fordi dei ukritisk trur/vil tru på den vulgærpopulistiske retorikken partileiinga nyttar.

Ein skremmande mangel på kunnskap er årsaka til at vanlege fattigfolk «let seg lure» til å støtte eit parti som mellom anna vil: at organisering av arbeidsmarknaden skal skje etter frivilligheit og marknadsøkonomiske prinsipp, Frp er mot kollektive tariffavtaler, som er sjølve grunnlaget for fagrørsla sin eksistens og partiet er for ein politikk som undergrev velferdsstaten, dei vil fjerne all regulering av arbeidsmarknaden slik som lov om ferie, arbeidstid og oppseiing og dei vil legge ned Aetat og innføre strengare reglar for å motta arbeidsløysetrygd. Frp vil oppheve «lov om hjemfall» og la utanlandske aksjeeigarar overta verdiskapinga frå norsk kraft, partiet vil selje skulebygningane for så å leige dei attende og sjølvsagt er dei for fritt skuleval. Dei vil kutte minst fire milliardar til landbruket, kutte drastisk i pressestøtta og sjølvsagt u-hjelpa osv.

FrP-veljaren vil ha både i pose og sekk, eit grotesk døme er svenskehandelen. 51 prosent av dei grilldresskledde, kotelettslafsande, billig sprit-konsumerande, storrøykande svenskehandlarane stemmer sjølvsagt FrP, dei vil i år vere med og handle for over ti milliardar norske kroner i nabolandet. Ein skulle tru at desse menneska var så fornøgde med Sverige at dei flytta dit, men det vil dei sjølvsagt ikkje, for i Sverige er lønningane dårlegare og arbeidstida lengre. Dette er Frp-veljaren i eit nøtteskal, vil berre ha fordelar. Frp-veljaren forstår ikkje at når han/ho er med på å føre ei verdiskaping på ti milliardar ut av landet så er dei med på å svekke næringslivet lokalt og auke den totale arbeidsløysa. Ein skulle tru at vaksne folk etter kvart har lært, at når ein ting synest vere for god til å vere sann, så er han nettopp det.

Powered by Labrador CMS