Hjelp oss, Davidsen!

Ja vi vil gjerne lytte ti Davidsen!

Publisert Sist oppdatert

JOBB

Men då må Davidsen fortellje kva han meiner må gjerast med deltidsstillingane.

Mange velmeinende politikarer og fagforeningsfolk står fram og snakkar om å auke opp stillingsbrøkane, mellom anna pleie og omsorgsyrker. Men det vert berre generelt prat, utan konkrete forslag. Mange leiarar i kommunane ønskjer også det same. Det er ikkje slik at alle kommunar spekulerar i å ha mange små stillingar. Det er ikkje noko fordel å ha mange tilsette i små stillingar. Det er dyrt og lite effektivt. Mellom anne vert kompetanseheving svært dyrt, det er vanskeleg å få til kontinuitet i tenestene, tenestemottakarane møter alt for mange ulike tilsette. - noko som ikkje gir grunnlag for tryggleik. Eg meiner at i høve til denne problemstillingane, så har arbeidstakarane, arbeidsgjevarane og tenestemottakarane felles interesser. Eg vil difor utfordre Fagforbundet, FO og andre fagforeningar som organiserer arbeidstakarar i pleie og omsorg og andre arbeidsstader med turnusarbeid. Gi medlemmene og arbeidstakarane gode og konkrete eksempel på korleis dette er gjort og korleis det kan gjerast. Lag f. eks ei nettside og presenter turnusordningar, arbeidstidsavtalar med råd om korleis ein kan lage avtalar med fagforeningane samt søkje Arbeidstilsynet om dispensasjonar. Så er eg sikker på at leiarar i kommunane saman med dei tilsette sine organisasjonar vil ta fatt på endringsarbeidet. Slik det er no, sit folk rundt i landet åleine og finn opp «kruttet».

Powered by Labrador CMS