Statleg fråver

(Kommentaren, okt - 06:) Haustens store politiske føljetong er enno ikkje avslutta. Nei, eg snakkar ikkje om statsbudsjettet. Det er lagt fram av regjeringa, og sidan det no er fleirtalsstyre så er budsjettet i praksis også vedteke, sjølv om det formelt sett ikkje er banka gjennom i Stortinget enno.

Publisert Sist oppdatert

JOBB

Raudgrønt var det også, med solide satsingar på viktige område som barnehageutbygging, kommuneøkonomi og samferdsel. Nokre minusar er der også, for posttilsette blant anna, men det skal vi la ligge i denne omgang.

Eg snakkar om sjukelønssaka. Denne famøse historia om ei flertalsregjering som vart så blenda av eige flertal at den gløymde å diskutere eit dramatisk kutt i sjukelønsordninga med dei som arbeider med dette til dagleg, dei såkalla partane i arbeidslivet. For å spare 2,5 milliardar kroner foreslår Regjeringa at arbeidsgjevarane skal betale ein større del av rekninga når tilsette er sjuke.

Bakgrunnen er enkelt sagt at sjukefråveret har gått opp dei siste månadene. Avtalen om eit inkluderande arbeidsliv vart innført i 2001, og hadde som mål at fråveret skulle ned med 20 prosent fram til 2005. Dette vart ikkje oppnådd, men kurven peika rette vegen, og avtalen vart i fjor vidareført for fire nye år.

Men i år har altså fråveret snudd opp igjen. Tal frå Statistisk sentralbyrå i september viser at fråveret aukar i alle sektorar, men mest i statleg forvaltning der auken er 7,6 prosent frå andre kvartal i fjor til andre kvartal i år. Auken er størst innan undervisningssektoren (universitet og høgskular) og i helseforetaka. I kommunal forvaltning er auken på 6,5 prosent, medan privat sektor og offentleg næringsverksemd kjem best ut med ein auke på ”berre” 4,5 prosent frå i fjor til i år.

Vi høyrer nærast dagleg historier frå små og store verksemder som har fått sjukefråveret ned mot ingenting. Det seinaste dømet var ein reportasje om ein av landets største entreprenørar, T. Stangeland, som har jobba langsiktig og medvite med fråversproblematikken, og som no har eit fråver på rundt 2 prosent.

– Hemmeligheita er at vi tar tak i ting tidleg, og brukar masse ressursar på å betale for førebyggande behandling av tilsette, uttalte sjefen og eigaren for verksemda til TV2.

Kor ofte høyrer ein statlege leiarar seie dette? Kva kan det skuldast at private bedrifter framstår som meir engasjerte i at dei tilsette skal vere friske og at dei ikkje skal verte sjuke av arbeidet? Kanskje er det så enkelt som at eigarar og leiarar, som jo ofte er ein og same person, merkar det direkte i lommeboka når ein tilsett er sjuk. Og omvendt, at den statlege kulturen ikkje premierer verksemder med friske og opplagde tilsette, og at omorganiserings- og omstillingskarusellen rett og slett tek fokus vekk frå dagleg HMS- og arbeidsmiljøarbeid og gjer folk sjuke av mangel på tryggleik og innverknad på eige arbeid. Eller er det fortsatt slik at statlege leiarar administrerar verksemda si – passar budsjett og halder orden – framfor å utøve eit moderne leiarskap?

Men heldigvis er det unntak. Også innanfor staten er det verksemder og etatar som jobbar godt med arbeidsmiljøet. Desse vil vi gjerne høyre om. I november deler vi ut Aktuells arbeidsmiljøpris for fjerde gong. Velbegrunna kandidatar i statlege verkstemder kan få 50 000 kroner til å vidareutvikle arbeidsmiljøet vidare.

Les meir om arbeidsmiljøprisen, og send oss eit forslag til ein prisvinnar!

Powered by Labrador CMS